FATLANDSKOGEN
FATLANDSKOGEN er namnet på den tusen mål store fantastiske skogeigedommen vår her på Fatland, sør på Halsnøy, i Kvinnherad kommune. I FATLANDSKOGEN får alle lov å gå tur, også med rullestol og barnevogn, men berre til fots. Området har fleire arenaer, kvar med sin fargekode, sjå nedanfor. Ta gjerne med hunden, men hugs at her er det bandtvang heile året, vedtatt av kommunestyret. Hundeskiten tar du sjølvsagt med deg heim i pose.
Framsidebildet til venstre: Ein gjeng frå Sveio Turlag er på veg opp til Gullhaug, for å kjøpa seg kaffi og vaflar, på Kom-deg-ut-dagen søndag 6. september.
Kom-deg-ut-dagen
Dåp i skogen
Strondaløpet
AKTUELT
Klikk på knappen 'Les meir' til høgre for å lesa om desse sakene:
NATURSTIEN gir deg aktivitet, underhaldning og lærdom, gjennom ein lett rusletur.
NATURSTIEN
er ein rullestol- og spaservennleg sti med fagleg, underhaldande og aktiviserande innhald. Om skogbruket, dyrelivet, plantelivet, friluftslivet, kulturlivet, folkehelsa, geologien, klimaet, miljøet og berekraft. Fleire bålpanner i vinterhalvåret.
Avtale: Personar og familiar kan rusla fritt i NATURSTIEN, men grupper på minst 10 personar må ha avtale for å slå seg ned ved DET LANGE BORDET eller NATURSCENEN. Ta kontakt for avtale og evt pris, med Anna (99 24 25 36) eller Arne (938 17 200).
RUNDLØYPENE gir deg mosjon og naturoppleving, i ditt eige tempo.
RUNDLØYPENE
FATLANDSVATNET RUNDT er ei kjapp og grei trimretta rundløype som tek 45 minutt. Eignar seg for familierusling med små ungar. Ikkje rullestol eller barnevogn. Gapahuk mot slutten av løypa, med bålpanne.
HJARTESTIEN gir deg meir trim, om lag halvannan time. Fin rundløype for familierusling med større ungar. Midtvegs passerer du HJARTA, som er blitt eit eige turmål for mange. Ikkje rullestol/barnevogn. Gapahuk tidleg i løypa, med bålpanne. Toppane Høgåsen og Midtåsen er med i Fjelltoppjakten.
HJORTESTIEN er ein fin og rullestolvennleg veg den første kilometeren, med ulike kulturelle og aktiviserande objekt undervegs. Deretter blir stien meir krevjande, gjennom hjorten sitt rike, over Høgåsen og rundt Nordåsen. Halvannan time må du rekna på rundturen. To gapahukar undervegs, begge med bålpanne.
DEI LILLA LØYPENE er avstikkarar frå dei blå rundløypene ovanfor. Dei er opparbeidde av Fatland Vel, og dei går inn i naboskogane, altså utanfor FATLANDSKOGEN. Desse turstiane kan du bruka til å skapa variasjon i turkvardagen din. Fleire alternativ gir fleire opplevingar. Les meir på Fatland Vel sin konto på Facebook.
Panoramaet på GULLHAUG gir deg vakkert utsyn over fjorden.
GULLHAUG
er eit nydeleg punkt med panoramautsyn over halve Sunnhordland, berre 200 rullestolvennlege metrar frå parkeringsplassen ved RAUALØO. Her er det vakker hage, og kapell, der du kan arrangera bryllaup eller gullbryllaup. Gulhaugkonsertane er eit frivillig lag som har populære konsertar her. Og så er det eit turmål i Fjelltoppjakten. GULLHAUG har eiga nettside, som du opnar ved å klikka knappen til høgre,
TURLFORSLAGA er skilta med raudt, og dei går vidare, utanfor FATLANDSKOGEN.
ANDRE TURFORSLAG PÅ HALSNØY
Dette er ulike turopplegg som ikkje høyrer inn under konseptet FATLANDSKOGEN, for dei går langt utanfor vår eigedom. Men sidan nokre av dei mest spennande turane startar her, eller går tvers gjennom området vårt, gir me dei gjerne ein liten omtale på nettsida vår.
RAUALØO er sentrum og startpunkt i FATLANDSKOGEN. Her finn du parkering, kart over området, brosjyrar, og skilt til turstiane.
Les meir om kven me er, kven som hjelper oss, kvifor me har laga til FATLANDSKOGEN, og kanskje litt til.
Og her kan du lesa om bygda som FATLANDSKOGEN høyrer til, ved å opna nettsida fatland.info.
God Grøn Gåtur!
NB! Alle skal få gå tur, både dei med hund, og dei med hundeskrekk. Berre hugs at i FATLANDSKOGEN er det bandtvang heile året! Hugs også at det ikkje skal liggja hundeskit att langs stien!
fatlandskogen.no
Namnet Fatlandskogen skal skrivast med berre éin s, ikkje Fatlandsskogen altså.
Arne har forresten sin eigen vesle blogg, sjå den her.
Denne nettsida nyttar ikkje cookies.
Grunneigarane Anna og Arne og julestjerna på GULLHAUG, med Såto i bakgrunnen. Foto: Vibeke Teigen.
FATLANDSKOGEN
for fotfolk flest