Kva skjedde før nyttår? Klikk knappen ------>
Shake-hands-seremoni utanfor porten til Gullhaug. Til venstre står dei to gamle eigarane, Anna og Arne Gjerde. Til høgre dei nye unge eigarane, Annette Eikeland og Åsmund Hauge. Foto Tom Duncan.
FATLANDSKOGEN ER SELD
Som du sikkert veit, så har me vore på jakt ei god stund etter nokon yngre som kan ta over den store eigedommen vår på Fatland. Det var vel eigentleg klart tidleg i vår kven dette skulle bli, men byråkratiet er ikkje alltid enkelt når du prøver å dela ein landbrukseigedom i to bruk. Me ville nemleg gjerne halda Gullhaug i familien vidare framover.
Men nå har me til slutt funne ein måte å gjera det på, som skal halda vatn, seier advokatane. Så nå er kjøpekontrakten underskriven, saman med kjøpar Åsmund Hauge. Han bur for tida i Høylandsbygd, og der kjem sikkert han og sambuaren, Annette Eikeland, til å bu vidare, iallfall den første tida. På eigedommen på Fatland er det nemleg ikkje bustadhus i dag.
Desse to er ivrige på å komma i gang. Det blir nok ein del endringar i landskapet i tida framover, for dei vil hogga ein del fine skogflater som eignar seg til å dyrka opp. Så vil dei driva med husdyr, i tillegg til at det meste av skogen framleis vil bli driven som skog. Byggja driftsbygning må dei òg sjølvsagt gjera, så det tar nok litt tid før husdyra er på plass.
Det som har vore viktig for oss seljarane, Anna og Arne, er at dei nye vil ta vare på det me har gjort i skogen for folk flest. Det er dei heldigvis innstilte på. Både Fatlandsvatnet rundt og Hjartestien, som forresten aldri kvilande Kjell Rune Asmervik har stått for praktisk talt all opparbeiding av, vil fungera som før. Hjortestien kan kanskje falla ut etter kvart, men førebels er også denne intakt.
Men kva med Gullhaug, spør du sjølvsagt? Ja, det er altså nett Gullhaug som har vore problemet, og som har fått saka til å dra ut i tid. Men den løysinga me har komme fram til, gjer at Gullhaug blir i praksis som før, og vil utvikla seg vidare slik det har vore planlagt heile vegen.
Forskjellen blir berre at nå er det broder Torvald som overtar Gullhaug. Anna og Arne skal gå til innkjøp av eit stort lass med laurbær, som dei kan kvila på.
Gullhaug blir i første omgang ikkje frådelt som eige bruk, men Torvald har full bruksrett til området, pluss opsjon på å dela det frå når kommuneplanen ein gong vonleg blir godkjend. Planen er at han og borna hans skal utvikla området vidare og etterkvart driva det som næring, med tilbod om natur- og landbruksbasert reiseliv. Slik planen eigentleg har vore heile vegen.
Du vil nok få meir info om dette etter kvart. Formell overtakingsdato er 30. oktober.
19.09.2026
PS. Det vil ta noko tid å få på plass store nok mengder med laurbær, så Anna og Arne blir sikkert å sjå ei stund til.
KOM-DEG-UT-DAGEN
Det var mykje folk i skogen på Kom-deg-ut-dagen søndag 6. september. Vêret var ganske godt, og rundt 70 personar var oppom Gullhaug òg. Der var det nemleg kaffi og vaflar å få kjøpt, pluss fin utsikt, og god drøs med andre turgjengarar.
På bildet ser du ein gjeng frå Sveio Turlag på veg opp, saman med leiaren Arild Wiersen. Han er godt kjend på Fatland frå ungdommen, sidan familien har hatt hytte her frå 1960-talet.
13.09.2026
SOMMARKONSERTANE PÅ GULLHAUG
Det brakar snart laus igjen på Gullhaug, med konsertar fem søndagar på rad.
14.06.2026
Vokalgruppa GLIMRAH er først ut i sommar, med konsert på Gullhaug søndag 12. juli klokka 1700.
POPULÆRT MED DÅP PÅ GULLHAUG
Denne våren har det to gonger vore dåp ved kapellet på Gullhaug. Sjå referat og bildeserie her, frå den siste av dei.
21.05.2026
DET ANDRE STRONDALØPET I HISTORIA
Laurdag 18. april var Strondaløpet på plass igjen, etter same leisten som i fjor. Dette er Fatland Vel sitt arrangement, og dei hadde fått med seg ein god stab med funksjonærar.
Sjå billedserien nedanfor. Bildekvaliteten er så som så denne gongen, noko som nok må tilskrivast fotografen sin høge alder ...
Les meir på Fatland Vel si Facebook-side.
Det er også flotte reportasjar hos Grenda og Kvinnheringen. Du må ha abonnement for å lesa desse.
29.04.2026
Shantykoret under påskekonserten.
PÅSKEKONSERTEN VAR SUKSESS
Den tradisjonelle påskekonserten samla rundt 220 publikummarar i solskinet, og det er ny rekord.
03.04.2026
FATLANDSKOGEN BLIR TRULEG SELD I ÅR
Som kjent har me ikkje helse til å driva eigedommen vår stort lenger. Derfor har han vore til sals i det siste.
Det ser ut til at me nå har aktuelle kjøparar på plass, det står berre att å få dei kommunale godkjenningane, og å få utført dei aktuelle prosedyrane i etterkant. Så utover året 2026 vil du kanskje få info om at noko har skjedd.
Me prøver jo å få eit opplegg som passar med det me har gjort av arbeid så langt, men som også tar utviklinga vidare, i samsvar med nye eigarar sine eigne ambisjonar. Så langt ser det lovande ut.
10.03.2026